Ved åtte-tida i dag tidleg  fekk politiet melding om at ei snekke på rek vart berga og fortøydd ved Fitjar Mek.

-Ingenting ved snekka indikerer at ho har vore i bruk då ho kom rekande. Truleg har ho slite seg i uvêret.

Eigar og registreringsnummer er ukjent, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Så saknar du snekka di kan du kontakte politiet på telefon 02800.