Fredag 5. november brakar det laus med den tradisjonsrike vintercupen i Fitjar, melder Ole Bergesen i arrangementskomiteen. I år er det 19. gongen Fitjar Idrettslag arrangerer vintercup, etter oppstarten i 1992. Som vanleg går dei innleiande kampane fredag og tidleg laurdag, før ein tar fatt på sluttspelet.

Så langt langt er det meldt på 12 lag, 5 damelag og 7 herrelag. Dette er eitt lag færre enn i fjor. Storavatnet blir ikkje med, pga. at fleire sentrale spelarar ikkje er på plass. Men dette vil nok styrkja tittelforsvarar Storavatnet jr., som vil segla opp som favoritt i årets turnering.

Med sju lag i herreklassen i år vil ein truleg gå vekk frå ordinært puljespel og spele ein serie, og deretter finale mellom nr. 1 og 2. Detaljane rundt dette vil bli offentleggjort på torsdagens trekning på Fitjar Fjordhotell kl. 22.00. Då tar Ole Bergesen fram igjen stresskofferten med dei sølvlakkerte kinderegga, for 19. gong. Dette er ein seremoni som vekkjer mange gode minne, og er vel verdt å få med seg. 

Disse laga er med:

Herrar
Bakken – lagleiar Ole Bergesen 95 97 51 50
Sentrum – lagleiar Stian Hatlevik 90 87 06 50
Havn – lagleiar Victor Aga 99 25 19 25
Vestbøstad – lagleiar Frode Brakedal 90 67 28 06
Stratos – lagleiar Stein Gunnar Halleråker 95 25 02 04
Fitjarstølane – lagleiar Stian Torland 90 22 59 35
Storavatnet jr. – lagleiar Brynjar Engelsen 90 16 56 91

Damer
Bakken/Havn  – lagleiar Birte Steinsland 97 75 74 35
Resten – lagleiar Aina Vestbøstad  97 19 48 27
Dåfjorden – lagleiar Monica Helland 48 12 53 63
Øvrabygdo – lagleiar Kari Steinsland 90 88 08 87
Vestbøstad – lagleiar Gro Hatlevik 92 28 75 76

Spelarar som ikkje er blitt kontakta, kan ta kontakt med sitt respektive lag. Det kostar kr 100 per spelar som er med. Uansett 1 eller 10 kampar. Ein skal på ein eller annan måte høyra til sin krins, familie etc. Unnataket er keeperar, der er det fri flyt. Kampane startar kl. 18.00 på fredag. Det blir speakertjeneste. Kiosksalet startar på laurdagen kl. 10.00.

Ole Bergensen minner til slutt om banketten/årsfesten i fotballgruppa laurdag kveld kl. 19.30 på Fitjar Fjordhotell.  Kr 200 per person. Påmelding: mona.a.traa@haugnett.no.