Foto: FP-arkiv/KR.

Orienteringsgruppa på Fitjar kjem med tips til deg som treng litt trim og frisk luft.

Regjeringa fortalde i går at koronatiltaka vert forlenga til etter påske, dermed vert det meir heimekontor og fjernundervisning for det norske folk. Folk vert råda til å vera heima, men om ein er frisk skadar det ikkje å ta seg ein tur ut, so lenge ein tek nokre forholdsreglar.

– Hald avstand, ikkje bruk gapahukane og benkane, og ikkje skriv deg i bøkene, oppmoda Fitjar kommune og Stord-Fitjar Turlag i førre veka.

Dei bad likevel folket nyta naturen, og orienteringsgruppa til Fitjar Idrettslag fortel at dei straks opnar stolpejaktsesongen att.

I fjor hadde laget ein god stolpejakt-sesong, og o-gruppa hadde ei liste på 765 personar som i gjennomsnitt var innom 19 stolpar kvar.

– Stolpejakta er klar til 1. april, og kartbrosjyre og meir informasjon kjem i posten til alle husstandar i Fitjar same dagen, skriv o-gruppa.

Ingen ordinær turorientering

O-gruppa melder om at det i år ikkje vert ordinær turorientering, men at dei har kome med ein ny aktivitet.

– I staden for ordinære løp, vil me no i starten hengja ut post-skjermar, og legg opp til at du kan skriva ut kart med løyper sjølv – og ta ein tur på eiga hand, skriv Rolf-Atle Rolfsnes.

Her er første post i løypa skriv Rolf-Atle Rolfsnes

Han fortel at dei har laga ei løype på Midtfjellet til å byrja med, den tenker dei vil liggja ute eit par veker. Kartet finn ein på blant anna på Fitjar Idrettslag si facebook-side, og via gratisappen Usynligo.

– Me vil koma tilbake med fleire hendingar seinare i år, blant anna vert det fleire Finn-fram-dagar og  Fitjarkarusell-løp. O-sesongen skulle normalt vore i gang eller rett rundt hjørna, men det blir litt spesielt i år, avsluttar Rolfsnes.