Foto: Fitjar folkebibliotek

Saman med barn frå over heile landet, kan alle barn i i 1. – 7. klasse i Stord og Fitjar kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje; sommarles!

Lesekampanjen statar 1.juni og varer til 31.august, og biblioteksjefane i Stord og Fitjar; Bjørnar Withbro og Silje Vågen Torbjørnsen gler seg.

– Sommarles bruker element frå digitale spel for å motivere til lesing. Forsking frå England og USA viser at barn som ikkje les i løpet av sommaren, misser inntil tre månader lesekompetanse, mens barn som deltar på lesekonkurransar, taper minimalt, fortel Withbro.

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 130 000 barn over heile landet. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

– Lokalt har me hatt svært god oppslutnad. Heile 64,4% av barna i Fitjar deltok på sommarles i fjor. Stord har også hatt god deltaking mange år på rad. Her var nærare 40% av barna med i 2019, fortel Vågen Torbjørnsen.

Tradisjonen tru vil alle barna som deltek blir invitert på ein Sommarlesfest i september. I år vil forfattar Mari Moen Holsve komma på festen. Ho står blant anna bak sommarlesforteljinga om Astrid og Asbjørn.

– Om det ikkje vil verte mogleg å samle alle borna som deltek i september, vil me tilby eit digitalt arrangement, avsluttar biblioteksjefane.