Førstkomande laurdag og søndag er kalla superhelg. Då skjer det mykje i Fitjar sentrum. Nedanfor kan du sjå programmet.

Eigentleg tjuvstartar det litt på fredagen. Bjørg Strømme opnar julemesse i Peraløo fredag føremiddag, og for dei som har lyst til å høyre dei landskjende forkynnaren Svein Nordvik, er det høve til det på Fitjartun fredag kveld.

Her følgjer programmet for resten av helga:


Laurdag 30. november

Kl. 10.00 

Julemessa i Peraløo opnar.

Kl. 11.00- 15.00
Fitjar vidaregåande er på plass i 2. høgda hos Larsen kl. 11.00 -15.00 for å ta imot peparkakekreasjonar. Dei har òg pynt på plassen om borna har lyst til å putte på litt ekstra.
kl. 12.00  
Start på julemessa i Fitjar bedehus  Grautsal. 13.30 Barmemesse 16.30 Hovudmesse (Sjå annonsen til høgre på sida)
 
16.00 

Juleoppvisning for dei kjekke turn-/idrettsskulebarna i Idrettshallen Pris 50 kr med inngang, ev. 200 kr pr familie. (Borna møter kl. 15.45 ved garderobane)
 
18.30 

Operagalla. 
Vår eigen islending Runar Thor Gudmundsson har gledd oss ei rekkje gonger tidlegare. No får han med seg ei av Islands beste sopranar, prisløna Hulda Bjørk. Som akkompagnatør, eminente Irene Simonsen.

Søndag 1. desember

For dei som ønskjer å få med seg adventfrukost, er det tilbod om det både i Øvrebygda og Fitjar bedehus. (Sjå plakatar)

14.00  
Butikkane opnar – og ope har dei til klokka 18.00.

15.00
Minikonsert i Fitjar kyrkje. Arrangørane har kalla han både intimkonsert og minikonsert. Eli Simonsen leiar det heile og har med seg desse aktørane: Fitjar ad hoc ensemble med Gurid Refvik og Hans Kobberstad på fiolin, Osternes Mannskor, Silje Rydland og Tom Rydland.

16.00 
Fakkeltoget frå Tinghusplassen i sentrum. Faklar kan du kjøpe hos «Larsen».

17.00
Lystenning. I år vert det ein spesiell lysfest i det både flomlyset ved kyrkja og Håkonarstøtta, og lysa på julegrana, vert tent samstundes. Etter tenninga vert det appell ved ordførar Wenche Tislevoll.

Kjem du til sentrum vil du òg få med deg aktivitetar frå 4H, skogskaffi, skulekorpset og 9. klassingane som både står for arrangementet og sel vaflar, lappar, kakao og kaffi – alt til inntekt for Polen-turen neste år.