Statens vegvesen skal oppgradere sikkerheitsutstyret i Bømlafjordtunnelen. Først skal det sprengast plass til nye tekniske rom i tunnelen, heiter det i ei pressemelding frå Statens Vegvesen. Arkivfoto:FP/HCH

 – Entreprenøren startar med førebuande arbeid i tunnelen. Frå sundag 22. februar blir Bømlafjordtunnelen stengt mellom 22:00 og 06:00 neste morgon, fortel prosjektleiar Rune Sandven i Statens vegvesen. 

 Dette arbeidet skal vere ferdig laurdag 28. februar. Bilistar kjem gjennom Bømlafjordtunnelen med kolonnekøyring nettene tunnelen er stengt. 

 – Neste veke køyrer vi kontinuerleg og tar med oss kolonner frå den eine til andre sida av tunnelen når entreprenøren arbeidar, opplyser Sandven. 

 

Sprenginga startar i mars 

Når sprengingsarbeidet startar i mars blir Bømlafjordtunnelen stengt kvar natt, utanom natt til sundag, mellom klokka 20:00 og 06:00.  

 – Det blir lagt opp til kontinuerleg kolonnekøyring når tunnelen blir stengt klokka 20:00 kvar kveld. Men frå klokka 01:00 til 05:00 blir det sprenging. Då må tunnelen vere stengt i ein lenger periode, fortel prosjektleiar Rune Sandven. 

 I sprengingstida blir det lagt opp til faste tidspunkt for kolonnekøyring. 

 – Entreprenøren skal ha tid til å sprenge i tunnelen på ein trygg måte. Før trafikken kan gå gjennom tunnelen igjen, må røyken frå sprengstoffet også vere ute av tunnelen, forklarer Sandven. 

 

Sprenginga innleiar langvarig arbeid 

Sprengingsarbeidet er første del av ei svært omfattande oppgradering av sikkerheitsutstyret i Bømlafjordtunnelen. 

Då Bømlafjordtunnelen sto ferdig i desember 2000 var krava til sikkerheitsutstyr heilt annleis enn dei er i dag. 

 – Vi har ikkje plass til nytt teknisk utstyr i tunnelen slik den er i dag. Difor må vi sprenge plass til fire tekniske rom, før vi kan få på plass nytt sikkerheitsutstyr, forklarer Sandven. 

Sprengingsarbeidet startar i løpet av mars og skal vere ferdig til sommarferien i år. Til hausten startar arbeidet med nytt sikkerheitsutstyr. Det er svært omfattande og kjem til å ta tid. Bømlafjordtunnelen skal vere ferdig oppgradert våren 2017. 

 

Endå sikrare tunnel 

Når Bømlafjordtunnelen er ferdig oppgradert skal dette vere på plass: 

  nye lys i tunneltaket 

 

 ny ventilasjon 

 

 kamera- og radarovervåking 

 

 nye naudstasjonar med brannapparat og telefon 

 

 nye evakueringslys 

 

 nye tekniske bygg med transformatorar. Fire inne i tunnelen og to utanfor 

 

 fjernstyrte infotavler på tilførselsvegane 

 

 AF Gruppen er entreprenøren som skal gjere sprengingsarbeidet i Bømlafjordtunnelen.  

 

Tidspunkta for kolonnetider i perioden mellom klokka 01:00 og 05:00 blir tilpassa rutene i ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. Statens vegvesen tar sikte på å køyre kolonne i sprengingstida: 

  frå Føyno cirka klokka 02:20 

 

 frå Valevåg cirka klokka 03:50