– Snart er det klart for den 5. revyfestivalen ”Berre Galskap” i Fitjar ! 29 grupper skal konkurrere med 41 revyinnslag. Rundt 18 av desse går vidare til den store finalen laurdag 18. september i Kultursalen.

Det er revyfestivalsjef Ole Bergesen som opplyser dette til fitjarposten.no. Han fortel vidare at hotell og sportell er proppfulle og vel så det med ivrige revydeltakarar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

I tillegg kjem òg gruppa ”To tøvate tøtte”  heilt frå Tromsø for å delta på årets Festival. Den eine deltakaren her vann Juryens Fripris under fjorårets NM finale på Høylandet.

– Dette blir ei kjempehelg igjen i Fitjar, og dei har det vore mange av i haust, seier ein forventningsfull revysjef vidare.

Me kan òg opplysa om at det i år, som tidlegare, vert to kvalifiseringer , ein fredagskvelden og ein på dagtid laurdag. I tillegg vil det som vanlegvera Andeløp, og andeloddene er i sal frå og med torsdag denne veka.  Billettsalget er igong men vent ikkje for lengje med å sikre deg billetter til Finalen då disse er i full bevegelse.

– Hugs berre på at det er 130 deltakarar som også skal ha plass i salen som allereie har sikra seg plass, understrekar Bergesen.

Etter det fitjarposten.no får vita er deltakarane er spente og gleder seg stort til ein ny revyfestival i Fitjar ! Stabiliteten på gruppene er mykje bra, og i tillegg er det kome med nye grupper frå sist festival. So får me sjå kven som strekkjer det lengste strået når det gjeld beste innslag i dei forskjellige klassane.. !

Fitjar Teaterlag gjorde det svært bra sist det var festival med direkte kvalifisering til Høylandet med Nokas saken.. ! Dette nummeret gjekk også til finalen og stakk av med Publikumsprisen under kvalifiseringa. Fitjar Teaterlag og Fitjar Revylag er med under festivalen i år òg,  så får me sjå kva som dukkar opp og korleis det går med desse innslaga. Uansett er det ei flott helg i vente.

– Kultursalen er arena for kvalifiseringar og finale, og etter det kunstnariske er Fitjar Fjordhotell møteplassen for aktørar og publikum. Her blir det gjensyn med våre lokale heltar i ”Revivals” som speler oppe i Restauranten, mens Costello klar i pianobaren frå og med Torsdag !

Torsdagskvelden vert det opningsshow med aktørar , både lokale og tilreisande. Me får mellom anna ellom anna møte Øyvind Angeltveit, Petter Aagaard etc..!  Ein uformell og kjekk kveld på hotellet der alle kan komma inn utan å betale noko som helst.

Revyfestivalen finn stad 16. – 19. september.  Billettar får du på Fitjar Fjordhotell.