Sunnhordland Padleklubb tok i fjor initiativet til strandryddedagen, og Engesund Fiskeoppdrett vart med på aksjonen. Det syntest dei var ei god oppleving og vil gjenta suksessen i år. På biletet: Ryddarar i aksjon i fjor. Foto: Privat

Dei vil òg, som i fjor, inviterere dei som vert med på ryddinga til middagsselskap. Det vil seie at alle som er med og ryddar ei strand den 25. april 2015 i Fitjarøyene kan koma på visningssenteret kl. 15.00 og få servert middag som løn for innsatsen.

Engesund Fiskeoppdrett stiller med eige ryddelag med båtar, slik at du kan vera med å gjere ein innsats i det vakre øyriket vårt, sjølv om du ikkje har eigen båt.

-Me har meldt på strandrydding på Engesund, Dyrholmen og Eldøy i Fitjar, og me plukker opp folk 11.00 på Sjøsio, ved Larsen, skriv Lisa Instefjord Gilje til fitjarposten.no.

Padlarar frå Sunnhordland padleklubb i aksjon. Foto: Privat

Luso (båtens navn) fraktar ryddehjelparane til neste strand. Foto: Privat

-Lag og organisjasjonar som ynskjer å nytte seg av tilskotsordninga til SIM må søkje på SIM sine sider sjølve. Men sjølv om dei har eige ryddelag får de middag hos oss. http://sim.as/vart-samfunn/strandrydding/, legg Gilje til.

Påmelding til middag
Visningssenteret må ha ei viss oversikt over kor mykje middag dei skal lage til. Dersom ein har eit ryddelag som ynskjer middag, så send dei ein epost, eller ring dei for påmelding, seinast torsdag 23. april.

Påmelding til Engesund Fiskeoppdrett sitt ryddelag:
For å vite kor mange båtar dei skal stille, treng Visningssenteret å vite omtrentleg tal på dei som ynskjer å vera ein del av ryddelaget deira. Når ein melder seg på ryddelaget deira, blir ein automatisk registrert til middag. 

Premiering
Alle rydde-deltakarar som møter til middag, får utdelt eit lodd kvar. Det vert premieuttrekking mot slutten av middagen.

Vil gjerne ha fleire båtar med på strandryddinga
-Om du har eigen båt og kan vera med på ryddinga,  set Engesund Fiskeoppdrett stor pris på deltakinga dykkar.
Kontakt dei på telefon; 951 89 950 eller epost: post@engesund.no