Fotballgruppa i Fitjar Idrettlag er knapt ferdig med den store miniturneringa Spar Fitjar Cup før dei går laus på eit nytt stort arrangement, TINE Fotballskule.

Den startar måndag 24. juni og går over tre dagar. I år er det 12. gongen Fitjar Idrettslag er med på TINE Fotballskule; første gongen var i 2002. Årets fotballskule opnar måndag 24. juni, og varer i dagar. Det er plass til over 100 deltakarar, i alderen 7-12 år, dvs. årsklassane 2001-2006. Opplegget følgjer fotballforbundet sine retningsliner, der hovudvekta er lagt på leik med ball.

Som namnet tilseier, er skulen eit samarbeid mellom TINE og Fotballforbundet. TINE sponsar skulen med eit TINE-produkt kvar dag, ei T-skjorte og diplom.

Fotballgruppa minner om påmeldingsfristen 16. juni. Andre opplysningar, om pris etc., finn du i annonsen nedanfor på fitjarposten.no eller her: www.tinefotballskole.no.