Førstkomande fredag vert elden tent på ny i Sotsji. Då startar Paralympics. Allereie søndag er duka for Mariann Vestbøstad Marhinsens første konkurranse, om ikkje Noregs Idrettsforbund finn at den politiske situasjonen er for usikker.

Då stiller Mariann på 12 km sitjande saman med Birgit Skarstein. Så vert det sprint onsdag 12. mars og 5 km søndag 16. mars.

Men slik den politiske situasjonen er mellom Russland og Ukraina no, er det altså ikkje 100 prosent sikkert at Idrettsforbundet vil la norske deltakarar stille opp i desse leikane. Les om det her.