Etter gårsdagens dugnad i Moahagen byrjar åstaden for årets Håkonarspel å ta form. I går møtte ei kvinne og seks sterke menn opp og fekk på plass seks store notakassar som skal hysa musikarane under Håkonarspelet. Desse tunge og uhamslege kassane har Tom Rydland skaffa til vegar hos Sjøtroll i Austevoll. Dei er svært så solide, men eigna seg dessverre ikkje så godt til å ha nøter i. Som reisverk til scenen i Moahagen eignar dei seg derimot framifrå, og no er ti slike kassar komne på plass og kledde med hun.

Tidlegare i sommar har gravemaskin vore i sving med planering og drenering i Moahagen. Etter kvart begynner det heile å sjå innbydande ut. Midt i brekka er det laga til ein liten mur, der det skal plasserast ein Odin-figur. Elles blir det laga til ein eldstad, og heilt nede er planert eit grusdekt felt der årets vikingar skal få utfalda seg. Rett bak, mot krattskogen, står notakassane, som no er kledde med hun.

Bjørn Haaland fortel at neste dugnad blir førstkomande onsdag kl. 18.00. Då vonar han at mange hendige menn og kvinner møter opp og hjelper til. Han er sikker på at Moahagen blir ein flott spelstad, der Håkonarspelet vil komma godt til sin rett. Men det står mykje arbeid att, og han reknar med travle dagar fram til spelet, som går av stabelen på kveldstid fredag 3. september og laurdag 4. september kl. 22.00.

På denne nettsida kan du lesa meir: http://www.hakonarspelet.no/