Her frå fjorårets LAN der Kyrre Thomassen og Jacob Myhre t.v. vann Fortnite for tomannslag. Daniel Prestbø t.h. vann den individuelle konkurransen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

– Me ynskjer ei trygg hending, og håpar fleire melder seg til vakter, fortel leiar i ungdomsrådet Ida Marie Sandvik.

Fitjar ungdomsråd gjentar suksessen og skipar til nytt LAN i Fitjar kultur- og idrettbygg. I fjor gjennomførte dei 2 vellukka LAN, men i år trur dei på deltakarrekord.

– Fitjar LAN byrjar å verta godt kjent på øya, og me tenkjer at det kjem rundt 100 personar, fortel Sandvik.

Saman med dei andre i rådet har ho opna opp for 130 deltakarar, og håpar at det kjem folk frå heile øya.

– Så lenge ein er innanfor aldersgrensa må ein berre melda seg på uansett kvar ein kjem frå, seier den nye leiaren.

Fitjar LAN er i år ope for årsklassane 2006-2002, altso 8.klasse til 2.året på vidaregåande. Påmelding skjer til Victoria Malene Maraas på tlf. 45871217.

Konkurransar med premiar

Ungdomsrådet minner om at folk bør ta med stol, padde og internettkabel sjølv.

– Det vert konkurransar i Fortnite, Minecraft og Fifa. Me har fått tak i flotte premiar takka vera snille sponsorar, som Waage Anlegg, Små skattar, Fitjar småbåt og mange fleire. Fitjar Kraftlag hjelper oss med å få på plass straumskap og internett, fortel Sandvik.

Dørene opnar fredag 15.november kl.20.00, og LAN-et varer til utpå søndagsføremiddagen. Det vert høve til å bestilla frukost ved «innsjekk».

– Sidan me håpar på mange deltakarar er det svært viktig at me har nok vakter. Dette skal vera ei trygg hending for alle. So om nokon vil stilla opp å gjera ein dugnadsjobb for oss ungdomar kan dei ta kontakt med Oda Volden Define på +47 48 21 89 46, avsluttar Sandvik.