Illustrasjonsfoto: Tryg Forsikring.

Svært få veit kva dei skal gjera dersom det brenn i bustaden. – Hald brannøving i haustferien, oppmodar Tryg Forsikring og Sector Alarm.


 – Tal frå Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap viser at halvparten av landets barnefamiliar manglar ein plan for kven som gjer kva i tilfelle brann. Berre seks prosent har gjennomført brannøving, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg.

– Ei brannøving gir auka tryggleik. Prøv ulike rømmingsvegar, sjå om det er bruk for stigar eller liknande, og bli einige om kven som går først og sist, seier sikkerheitsekspert Inge Svendsen i Sector Alarm.

Selskapet får årleg inn over 100 000 brannalarmar til sentralen deira, og Svendsen erfarer at dei færraste har trent på kva dei skal gjera når alarmen går.

Både Tryg og Sector Alarm oppfordrar til å bruka nokre timar i haustferien til å halda brannøving.

– Det gir auka sikkerheit og kan redda liv dersom det skulle begynna å brenna, seier Ole Irgens i Tryg.

Dette gjer du:

  1. Lag ein evakueringsplan
  2. Avtal kven av foreldra som har ansvar dei enkelte barna
  3. Kryp ut om det er mykje røyk
  4. Avtal ein møtestad utanfor heimen
  5. Ved brann ring 110

Ekspertane anbefaler:

  • Hald brannøving med barna minst ein gong i året
  • Skaff alarm tilkopla ein alarmstasjon
  • Vend pulverapparatet opp ned nokre gonger kvart år.
  • Sjekk at nåla i trykkmålaren på apparatet står på det grøne feltet.