Førstkomande torsdag kl. 18.00 er det duka for gullfest og utdeling av ambassadørpris til Mariann Vestbøstad Marthinsen i Kultursalen i FKIB. 

Her vil Mariann bli hylla på forskjellig vis med ambassadørpris som Sparebanken Vest og Fitjarposten står bak, og helsingar frå Fitjar Idrettslag og Fitjar kommune.

Vidare vil det bli song ved Silje Rydland,  Ingrid Bergesen, Guro Rimmereid, Marie Oma og Fitjar ad hoc med Gurid Refvik.
Det heile vert bunde saman av Ole Bergesen og Håkon C. Hartvedt. Lysbilete og  intervju med Mariann vert det og. Og kanskje ei overrasking eller to?

Etter opplegget i Kultursalen ( som vil vare rundt ein time) vert det kakefest for alle  i foajeen. Her vil Toradartuppene spele, og det vert høve til å gratulere Mariann. Absolutt god grunn til å fylle Kulturhuset denne dagen!

Det er gratis tilgjenge både til  Kultursalen og kakefesten etterpå.


Arrangørar:

Fitjar kommune    Fitjar Idrettslag       Sparebanken Vest    Fitjarposten