På toppen av ei søyle like under eine sperren på austsida av huset vårt, mot skogen, ikkje meir enn ein og ein halv meter frå bakken, har eit hagesongarpar bygd reir.

-Til vanleg byggjer hagesongararne reiret sitt i ein busk eller tett urtevegetasjon, og legg 4-6 egg. Egga er, som du ser på biletet, er kvite med eit brungult eller olivenbrunt skjær og med tette, brunaktige og grå flekkar, fortel Bokklubbens fuglebok.