Nils Blikra, Linn Therese Olaussen og Ellinor Bergesen svarar på ein mentimeterundersøking. Foto Ingrid Hovstad

Inviterte frå skulane, ungdomsrådet, kommunen og andre som arbeider kring ungdom i Fitjar fekk seg ein solid gjennomgang av resultatet frå Ungdataundersøkinga i dag.

Reidar Dale og Kristian Hartveit frå kompetansesenter på rusfelt Vest (KoRus) la i dag fram tal frå Ungdataundersøkinga. Elevane ved Rimbareid ungdomsskule og Fitjar vidaregåande svara på den omfattande undersøkinga med heile 25 tema tidlegare i år.

– Det er godt å sjå nokre ungdommar her. Der ungdom vert diskutert, skal ungdom vera med å diskutera, uttala Reidar Dale. Han og Hartveit la vekt på at til tross for god deltaking blant elevane på Fitjar er talmaterialet lite.

– Ein bør lesa tala som indikasjonar, og ikkje nøyaktige sanningar, uttala Dale.

Kristian Hartveit synte fram fleire positive tal frå Fitjar. Høg skuletrivsel, gode relasjonar til foreldre og vennar, og positivt syn på helse og framtid, men ikkje uventa var det tala ein ville forandre som fekk hovudfokuset frå forsamlinga.

F.v. Reidar Dale og Kristian Hartveit la fram ungdatatala. Foto: Ingrid Hovstad

Ungdomen si eiga sanning

Psykisk helse var dagens største tema. Ein ser at talet på elevar med depressive symptom aukar.

– Først må me spesifiserer at depressive symptom er ikkje det same som å vera deprimert. Her inngår alt frå søvnproblem til å kjenne seg trist. Me trur tala er høgare no enn i fortida fordi ein har blitt flinkare til setja ord på kjenslene sine, fortel Kristian Hartveit.

– Ord som deppa og angst har blitt meir vanlege i daglegtalen til ungdomen, og Ungdata har fått kritikk for å gjera ungdommen meir sjuke enn nødvendig med formuleringane i spørsmåla. Samtidig ser ein aukande pågang med psykiske spørsmål hos helsesjukepleiarar, fleire går til psykolog og ein ser fleire innleggingar med psykisk bakgrunn. So noko sanning må det vera i stadig fleire elevar slit mentalt, legg Reidar Dale til.

- Annonse -

Leiande helsesjukepleiar i kommunen, Linn Therese Olaussen kjenner seg att i tala.

– Desse tala er fakta, dette er ungdomane si eiga sanning.

Les ogso: Er elevane ved Rimbareid ungdomsskule einsame framfor skjermen?

Ordførar Harald Rydland rosa det aktive ungdomsrådet, og meiner dei er flinke til å tala ungdomen si sak. Foto: Ingrid Hovstad

Me vil førebyggja ikkje straffa

Elevane i Fitjar ser ut til å drikka lite alkohol, og få driv med cannabis, men låg svarprosent på desse spørsmåla legg opp til mørketal.

Nils Blikra, politikontakten i Fitjar, har venta spent på rustala i Fitjar.

– Fitjar har vore svært lukka. Det har vore vanskeleg å identifisera desse personane som driv med cannabis. Me ynskjer ikkje å straffa dei, me vil hjelpa dei, uttalar Blikra. Han stilte spørsmåla om foreldra burde fått same innføringa av Ungdata-tala som forsamlinga, og håpar mange tek turen til folkemøtet om rus i morgon.

Skjer valden på skulen, på fritida eller i heimen?

Mobbing og fysisk vald vart ogso diskutert. Her ser at særleg jentene opplever mobbing og utestenging over internett, medan fysisk vald rammar gutane meir. Ungdataundersøkinga har ikkje fanga opp kven som står for valden, noko fleire lurte på om var mogleg å få inn ved seinare undersøkingar.

– Problemet ved å leggja til eit slikt spørsmål er at nokon elevar kan få store reaksjonar av å svara på det. So om ein vil ha det med må ein ha eit apparat med seg til å følgja opp elevane etterpå, fortel Reidar Dale.

Dale og Hartveit la ogso fram tala frå Fitjar vidaregåande om seksuell trakassering. Her svarar nærare 1 av 3 at dei har opplevd seksuell trakassering, og prosenten er om lag den same for gutane og jentene.

– Her må me gjera noko! Desse skal jo snart ut i arbeidslivet. Ein må snakka tidlegare med born om grenser og seksualitet, uttala Linn Therese Olaussen.

Les ogso: Det store fleirtalet trivst på Fitjar vidaregåande, men nærare ein av tre har opplevd seksuell trakassering.

Skulesjefen vil høyra ungdomane sine meiningar. Foto: Ingrid Hovstad

Folkehelse og livsmeistring

Under fellesdiskusjonen om korleis ein skal handtera tala frå Ungdataundersøkinga vart dei nye læreplanane diskutert. Ein av tinga dei nye læreplanane skal fokusera på er nemleg «folkehelse og livsmestring».

Forsamlinga var einige om at å få dette inn i alle fag kan vera eit bra tiltak for å få psykisk helse på dagsorden.

– Det er viktig at ein får psykisk helse inn på pensum, slik at det ikkje vert nedprioritert av ting på læreplanane slik det vert no, sa leiar i Fitjar ungdomsråd Ida Marie Sandvik.

Forsamlinga rosa ungdomsrådet som ein aktiv gjeng, men kommenterte ogso at ein å må involvera ungdomen i diskusjonane enno betre.

– Det er dei som veit kor skoen trykke mest, uttala etatssjef for oppvekst og omsorg John Karsten Raunholm.