Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Det er sett i gang smittesporing i Fitjar etter at ein person som var på besøk i kommunen førre helg fekk påvist koronavirus denne veka.

– Me har fått melding om at ein person som har vore på besøk i Fitjar har testa positiv for koronavirus. Det er no sett i gang smittesporing, og ein held på å teste nærkontaktar, fortel smittevernlege i Fitjar, Odd Jarl Kvamme, til Stord24.

Han fortel at det er for tidleg å seie om nokon i Fitjar kan vere smitta.

– Så langt veit me ikkje om nokon er positive, men me rekner med at me i løpet av dagen og morgondagen vil ha oversikt over testsvara, seier Kvamme.

Smittevernlegen kryssar fingrane for at smitten ikkje har spreidd seg i kommunen.

– No har me ikkje hatt smittetilfelle i Fitjar sidan slutten av april månad, eg håpar det fortset slik framover, seier Kvamme.

– Så langt veit me ikkje om nokon er positive, seier smittevernlege i Fitjar kommune, Odd Jarl Kvamme. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Bed folk vera varsame

Ordførar Harald Rydland stadfester at ein person frå ein annan kommune, som opphaldt seg i Fitjar førre helg, har fått påvist covid-19 ein av dei siste dagane.

– Det er heimkommunen til den smitta som har ansvaret for smittesporinga, me har difor ikkje motteke noko oversikt over talet på nærkontaktar, fortel Rydland.

Han oppmodar folk til å vera ekstra varsame med tanke på smittevern dei neste dagane.

– No har me ikkje hatt smittetilfeller i Fitjar sidan 24. april, folk har vor veldig flinke, seier Rydland.

Det vert ikkje innført nye restriksjonar i kommunen, men Fitjar kommune oppmodar innbyggarane til å overhalde retningslinjene for ventekarantene dersom dei er utpeika som nærkontakt.

– Me vil også oppmode folk om å vere ekstra påpasselege når det gjeld smittevern, og å vere ekstra på vakt når det gjeld symptom, dei neste dagane, seier Rydland.

Alle nærkontaktar vil bli kontakta for testing ved koronasentralen på Heiane.