– Står det fleire saker igjen som me veit om, men som me ikkje gidder å gjere noko med, vil det vere veldig urettferdig mot dei som fekk reaksjonar, seier ordførar Harald Rydland (Krf). Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– No må me stå saman om å førebyggja smittespreiinga, seier ordførar Harald Rydland.

Ordførar Harald Rydland melder om at tre personar som er busette i Fitjar har fått påvist Covid 19.

– Me kjenner smittekjelda for to av dei. For det tredje tilfellet vert det no arbeida med å finna smittekjelda. Koronasentralen for Fitjar og Stord arbeider med smittesporing. Det er ca 20-30 personar i Fitjar i karantene. Koronasentralen koordinerer alt arbeid knytt til testing, smittesporing, karantene og isolasjon. Meldingar frå dei skal følgjast.

Han skriv vidare at kriseleiinga no har bestemt seg for å oppdatera korona-informasjonen på heimesida dagleg att.

Sett krisestab

– Ein elev på Fitjar vidaregåande skule er registrert smitta. Denne eleven er busett i Stord. Nærkontaktane på skulen, 26 elevar og 7 lærarar er i karantene ut veka.

– Kommunen har sett krisestab. Det vert ikkje nedstenging av samfunnet på same måte som i vår, men smittevernlegen kjem med konkrete råd som skal sikra ekstra godt smittevern når pandemien på nytt gjer seg gjeldande i bygda vår.

På bakgrunn av erfaringar og tilbakemeldingar me har fått, vil kriseleiinga be om at folk merker seg dette:

Under arbeidet med smittesporing bør ikkje den som er smitta bruka Facebook til spørsmål og registrering av nærkontaktar. Dette viser seg å skapa uvisse og mykje uro. Kartlegging av nærkontaktar skal utførast etter fast prosedyre i samarbeid mellom den som er smitta og koronasentralen.

Rår til heimekontor

Rydland fortel at dei ikkje kjem med kommunale tiltak, og viser til retningslinjene som vart skildra i gårsdagens pressemelding. Dei kan du lesa her.

Til slutt legg han til:

– Ein oppmodar bedrifter i Fitjar til å vurdere heimekontorløysing, der dette er mogleg. Rådhuset har gjennomført dette frå 29.10.20.