Per Drønen, Ragnhild Midtsæter og Rasmus Fitjar kan smila etter gårsdagens historiekveld på Seniorsenteret. Foto: Kjetil Rydland.

Om lag 70 seniorar møtte opp på Seniorsenteret i går kveld for å høyra den imponerande historia om Kornelius Vestbøstad, som reiste til Amerika og levde som fangstmann i Canada i mange år.

Brordottera Ragnhild Midtsæter har skrive ned historia om onkelen sin, ut frå mange spanande samtalar etter at Kornelius kom heim att og slo seg ned i Noreg i 1948. Denne artikkelen stod på trykk i papirutgåva til Fitjarposten i desember 2013.

Det var tydeleg at mange hadde høyrt om denne evntyraren – og ein del av dei frammøtte hadde møtt den Kornelius Vestbøstad sjølv. Oppgåva å leggja fram den fantastiske soga løyste Rasmus Fitjar med bravur.

Han tok utgangspunkt i artikkelen av Ragnhild Midtsæter, og hadde i tillegg fått tak i notata som Jan Sandvik hadde gjort etter mange fascinerande møte med ein aldrande Kornelius Vestbøstad.

I tida 1926 til 1930 oppheldt Kornelius Vestbøstad og den kjende forfattaren og arkeologen Helge Ingstad seg samtidig i Canada. Sistnemnde blei straks kjend etter heimkomsten for debutboka si Pelsjegerliv blant Nord-Kanadas indianere (1931).

Hadde Kornelius vore like skrivefør som Ingstad, kunne det ha blitt like spanande bøker om det utrulege livet til fitjarbuen i den kanadiske villmarka!

Til slutt fekk publikum høyra eit intervju som NRK gjorde med Kornelius Vestbøstad. Lyd- og lysmeister Per Johan Vestbøstad spelte og av fleire høgaktuelle songar og viste bilete til den utrulege soga om fangstmannen og fiskaren frå Vestbøstad.

Dei som ikkje fann vegen til Seniorsenteret i går, kan angra, eller trøysta seg med artikkelen «Eventyraren Kornelius», som du kan søkja opp på Internett.