86 år gamle misjonsnestor Else Hovland kunne i ettermiddag ønskje velkomen til eit fullsett Stranda bedehus.

Strandabasaren lever tydelegvis i beste velgåande. Det fekk me sjå laurdag ettermiddag då me var med og fylte Stranda bedehus til siste stol.

– I fjor fekk me inn 58 000 kr til misjonen, og me har tru på at det skal bli meir i år, sa Else Hovland då ho opna årets basar. Me vert ikkje overraska om ho får rett. Tre rundar med åresal, og årane fauk ut. I tillegg vart det selt lodd for over 32 000 kr på bok.

Damene i Stranda Kvinneforening for NMS hadde som vanleg gjort ein kjempejobb på førehand, og det vart servert gratis mat og drikke til alle.     – Det er årane de skal bruke pengar på, smilte Else Hovland, som avslutta basaren med å takka alle som kom, alle som hadde hjelpt til og alle som hadde gitt gevinstar. 

Siste:
Det kom i år inn over 65 000 kr. på basaren.