Bømlo musikallaug har klart det igjen. Chess-premieren i går kveld/natt synte endå ein gong at desse eldsjelane kan makta kjempestore prosjekt. Vår eigen Johannes Aadland kom òg godt i frå det.

Musikalen er eit fyrverkeri av kulissar kostymer, storslegne scener, vakker, song og musikkog flotte skodespelarprestasjonar. Dei som imponerte oss aller mest var Heine Totland som Fredrik og Lisa Stokke som Florence. Men bevarast. Dei imponerte så visst dei andre stjernene òg, bortsett i frå Elisabeth Moberg, som ikkje heilt levde opp til dei forventningane me hadde på førehand. Samspelet mellom amatørar og proffar fungerte heilt utmerket, noko me etter kvart begynner å bli vane med frå denne kanten.

Fitjarguten Johannes Aadland var sterkt med i ei rekkje scenar, og kom vel frå det. Den sceniske uviklinga hans i frå i fjor, syner at han no verkeleg begynner å få tak i dei kvalitetane som han treng for å nå målet sitt om å kunne leva som musikalartist på heiltid. Sofie Iversen er og med i ensemblet, men ikkje i nokon framtredande roller denne gongen.

Handlinga i Chess er bygd rundt ein sjakk-kamp mellom ein russar og ein amerikanar, midt under jernteppetida. Dermed handlar det ikkje berre om sjakk, men likemykje storpolitikken – og ei kjærleikshistorie over grensene. Chess vart første gong framført i London i 1986.

Treng me å nemne at Moster Amfi var smekkfullt. I alt 1200 mennesker såg førestillinga i går.

Johannes Aadland var sentralt med i ei rekkje settingar i stykket. Nede til venstre: Lisa Stokke og Heine Totland som imponerte kolossalt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Chess
Pressen synte stor interesse for sjakk-kampen. Foto: Håkon C. Hartvedt