Alle salane måtte opnast opp, og ekstra bord berast inn og dekkjast på. Det var rett og slett stappfullt då Fitjar barnegospel inviterte til det tradisjonelle palmesøndagstreffet i ettermiddag.

Innslaga som alle bar i seg påskebodskapen, var også musikalsk svært bra denne gongen. Flott song av Osternes Mannskor, som mellom anna stilte med ein heilt ny song, og som med dette synte at det er vel verdt å høyre på dei når dei skal ha konsert i Kultursalen seinare i april. Vakker song var det òg av ungdomskoret Jubel som var svært få, men samstundes svært vellætande.

Fitjar barnegospel framførte heile seks songar, og sjarmerte alle, som alltid. Denne gongen vil me likevel trekkje fram kvinnegruppa "Praise Him" spesielt. Utruleg bra. Rett og slett song og songframføring av ypparste klasse. Så har då heller ikkje etterspurnaden uteblitt, men småbornsforeldre som dei fleste av dei er, er det avgrensa kva dei kan seia ja til.

Flotte forsongarar var det òg, og eit orkester som skapte fest over dei enkle påskesongane. Og då har me ikkje nemnd den flotte pyntinga, den gode maten, eller den sentrale andakten til Fitjar sin Indonesia-misjonær, Olav Vestbøstad.

Ei aktiv og flott samling som alt i eitt peika på Han som gjorde det største offeret av alle i påska, for at vi skulle få evig liv, i evig herlegdom.