– Eg trur mest ikkje er kan hugsa at det har vore så mange på julemesse her i Øvrebygda bedehus før, meinte ei av dei me snakka med under arrangementet i ettermiddag.

For fullt var det. Mange rundar me ekstrastol-bering måtte til før alle hadde fått benka seg. Både små og store. Frå mest nyfødde til dei over 90.

Elles var opplegget slik det høver seg på ei julemesse i misjonsregi. Med song, tale, åresal og sal av lodd på hovudbok.

Det mangla heller ikkje på flotte gevinstar, og mange nytta høve til å sikra seg heimelaga lefser og julebakst som var til sals på salsborda langs veggen.

Inntekta gjekk til Normisjon.