Hausttakkefest og utdeling av bok til fireåringane, førte til smekkfull kyrkje i føremiddag.
Når det ikkje er parkeringsplassar igjen, verken ved kyrkja eller bedehuset, og bilane til og med blir parkert langs kanten av vegen mot Volden, snakkar me om mykje folk i Fitjar kyrkje. Slik var det òg.
4-åringane hadde ein svært spennande dag i går, laurdag, òg. Då var ein heil del av dei på oppdagingferd i kyrkjebygget, der dei fekk sjå inn i rom som mange av kyrkjefolket aldri har sett inn i. Slik som orgelhuset med belg og det heile. Og i dag følgde dei altså opp med å kome til kyrkje for å ta imot 4-årsboka. I det heile eit spennande helgeopplegg for dei små, og noko som bør bli ein tradisjon.
Samstundes var det haustakkefest, med nydeleg utstilling av frukt og grønsaker i kyrkja, kornband på alteret – og ei preike som tok utgansgspunkt i nettopp dette. Godt jobba av både soknepresten og Fitjar Bondekvinnelag.
Bakken barnehage tok del med frisk song, og kollekten gjekk til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja.