Ingve André Strand lukkast ikkje heilt i dagens crosskartløp i Sør-Trøndelag, og må vinna B-finalen om han skal ha von om å kjempa mot dei beste i finalen i morgon.

Ingve kom til Løkken Verk i Sør-Trøndelag i går for å forsvara leiinga i crosskart-NM samanlagt. I fjor haust knuste han alle konkurrentane på Wallenberg Arena, heimebanen til KNM Orkla, men gjensynet med denne banen var ikkje så lukkeleg som han hadde vona.

I den første innleiande runden i dag blei han nummer tre, noko han var rimeleg fornøgd med. I andre omgang kjørte han inn til ein trygg andreplass, etter eit par små justeringar på forgassaren. Dermed skulle alt liggja til rette for A-finale i morgon.

Men i siste innleiingsheatet klussa Ingve i starten, og blei ståande, slik at han måtte nøya seg med fjerdeplass i mål. Dermed blir det B-finale i morgon, og her har Ingve pole position.

Tilretteleggjar Sigurd André Maraas og resten av teamet kryssar armar og bein for morgondagen: – Ikkje flyt i dag, planen er å finna flyten i kveld!