Matkomiteen for årets Fitjarfestival presenterte i går kveld hovudrettane i årets meny. Fitjarposten var til stades og fekk smake på godsakene. Bilete: Hovudansvarleg i matkomiteen, Inger Elin Helland, med rettane ho presenterte på Kafeen i Larsenbygget i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Såleis kan me sjølv om smaken er som baken, trygt seie at festivaldeltakarane har noko å gle seg til. Festivalleiar Sigurd Maraas var storbegeistra og meinte at dette var over all forventning og den beste festivalmenyen så langt. Godt var det i alle fall.

Matkomiteen i år består av Inger Elin Helland, Margareth Tislevoll, Jorunn Torland, Sissel Handeland Christensen, Britt Padøy og Sverre Sæterbø.

Og her er noko av det me fekk smake på:

Bacalao med klippfisk frå Møre, servert med foccaciabrød. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Pulled Sæterbøgris i hamburgarbrød med Coleslaw og Geir Skeie sin BBQ-saus. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Fitjarpølso med nye fitjarpoteter. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Grilla Sæterbøokse med honning- og kvitlauksbakte rotgrønsaker og Geir Skeie sin raudvinsaus. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Laks frå Engesund med agurksalat, rømme og nye fitjarpoteter. (Serverast berre søndagen). Foto: Håkon C. Hartvedt

I tillegg vert det selt betasuppe (berre søndagen), grillpølser, heimelaga kaker, hogstelappar, nordlandskaker og potetkaker.
Til dessert vil du finne bringebær frå Fitjar med vaniljesaus på menyen.

Det er berre å gle seg.