Me reiste to lag til årets Color Line cup på Flekkerøy (øy utanfor Kristiansand) i helga. Smågutar og småjenter 13. Her er ein liten reiserapport.

Me budde på Karuss skule som ligg rett utanfor Flekkerøy, så det blei mykje kjøring fram og tilbake, for all eting og aktivitetar foregjekk på Flekkerøy.

Småjentene fekk kun to innleiande kampar og dei spelte dei på fredagen. Første kamp var mot Snøgg, den tapte me 2-0, jentene var ikkje i  retta slaget i denne kampen. Den andre kampen møte me Fløy 2, der  jobba jentene som eit lag og drog i land ein kjempe flott 2-0 seier. Ailin Korsvik scora første målet på eit kjempe fint gjennomspel, og Ragnhild Prestbø scora andre målet på eit kjempe flott langskott frå ca. 20 meter. Heile laget drog i land denne sigeren og den smakte.

Med ein siger og eit tap vart me nr. 2 i pulja og kom til a-sluttspelet. Her møtte me eit lag som heiter Bryne, dei var veldig samspelte og gode, me tapte kampen 3-0. Bryne kom heilt til finalen og spelte mot Stord 2, der tapte dei  3-1 på corner.

Så alt i alt er me fornøgde me oss sjølve. Kjempe flott gjeng å reisa på tur med!!!!!!

Guttane vil me ta hatten av oss for, dei vant finalen i B-sluttspelet med heile 3-0!!! Gratulera så mykje:-)