Me har tidlegare nemnd visjonane rundt Sjøstrand-eigedomen som var presentert på eit møte i Fitjar Næringsråd nyleg. På det same møtet presenterte Vidar og Odd Sverre Larsen flotte visjonar rundt Larsen-kaien.

-Når folk kjem til Fitjar ønskjer me at dei skal få ei positiv oppleving. Både med omsyn til natur og estetikk. I tillegg er det viktig at dei finn gode parkeringstilhøve, anten dei kjem med båt eller bil. Med alle dei nye hyttene i Kråko, er det klart at det òg vil bli eit behov for nye båtplassar, ikkje minst gjesteplassar, i Fitjar sentrum. Me ønskjer difor å få bygd opp ei trygg hamn som det aukande båtfolket kan nytta når dei skal inn til sentrum for å handla, eller få gjort andre gjeremål, sa Vidar Larsen på møtet.

Odd Sverre Larsen understreka noko av det same i sitt innlegg, og peika på at det er viktig å gje tilbod til kundane i nærområdet. Det skal vera greitt å bu på Fitjar, sa han, og fortalde så at ein har planar om å få bygd opp ein småbåthamn ved Larsenkaien, som då vil gje rom for mange titals fleire båtar. -Men for å få til dette må me ha litt drahjelp, sa han og presenterte eit par organisasjonsformer der ein inviterer både private og næringsliv med i prosjektet.  Han vona òg at kommunen ville vera ein pådrivar for prosjektet, og ta økonomisk ansvar på lik linje med andre aktørar i sentrum. – Eit slikt prosjekt er og ein del av den offentlege infrastrukturen, sa han.