I desse dagar ryddar Jostein Prestbø og Torstein Grimen skog. Når det er unnagjort skal dei byggja ein hall på 800 kvadratmeter i Årskog.

Hallen skal, når han truleg er ferdig til neste haust, husa småbåtar til vinterlagring. Her kan ein vidare få utført alt utvendig og innvendig vedlikehald og stell av båten, slikt som  vasking, boning, polering og botnsmørjing.

-Me satsar på å gje eit tilbod til småbåtar på under 20 fot, seier dei til Fitjarposten, utan at det dermed er sagt at dei seier nei til større båtar. Drifta av hallen skal "Fitjar småbåt og fritidsservice" ta seg av. Eit firma som er eigd av dei same karane, men dei vonar å trekkje inn eit par mann til i prosjektet. Mellom anna vil dei tilsetja ein mann til å ta seg av reparasjon og service av motor og utstyr.

Det vil òg bli sal av fritidsutstyr i hallen, som i tillegg til å husa båtar, òg vil gje rom for kontor og pauserom for dei tilsette. Og forstod me dei engasjerte karane rett, kan folk allereie no tinga vinteropplagsplass for båtane sine til vinteren 2007/2008.