Opphaldet i Salt Lake har vore ei stor oppleving både i og utanfor Utah Olympic Oval. Byen er senter for mormonrørsla og 65 % av innbyggjarane er medlemmer. Midt i sentrum av byen ligg mormontempelet, eit praktfullt bygg. Ved sida av ligg tabernakelet. For å koma inn i tempelet må ein vera døypt mormon, så me måtte nøya oss med å beundra bygget frå utsida. Me fekk omvising i dei andre historiske bygga som er knytte til mormonane. Slekstgranskarsenteret er imponerande. Her er det samla skrifter og bøker frå heile verda, mellom anna alle norske kyrkjebøker. I tillegg er det tilgang til ei fantastisk digital samling. Mormonane er sterkt opptekne av familie og slekt. Torsdagskvelden fekk me koma inn i tabernakelet og høyra på øvinga til Mormon Tabernacle Choir, eit av dei største kora i verda. Om lag 400 songarar leia av ein inspirerande og dyktig dirigent gav oss ei stor oppleving. Konsertane til dette koret blir kringkasta til heile verda.

Så over til det sportslege:
Her tek me berre med dei tidene som er betre enn dei som vart oppnådde i Calgary. Onar oppnådde fylgjande tider: 500 m 43.36, 1000 m 1.26.07,  5000 m 7.54.96 og 10000 m 16.29 64. Han er mest nøgd med dei lengste distansane. Pers på 10000 m, og på 5000 m oppnådde han den beste tida han har prestert sidan ”ungdommen” (i 1987). Harald fekk problem med luftvegane og kunne ikkje prestera sitt beste: 10000 m på ny kretsrekord i klasse M65 var nok den beste prestasjonen. 3000 m på 5.07.59 og 5000 m med 8.45.14 var og gode prestasjonar. Jan Henriksen sette to nye persar i Salt Lake: 3000 m 5.14.01 og 5000 m 9.07.36. Eit spektakulært fall på 500 m gjorde at den rekorden står framleis. Ein lettare  skade som fylgje av fallet sette ein stoppar for nye rekordforsøk, men han var ikkje langt unna på 1000m med 1.30.35.

Masters’ International Champions Challenge vart avslutta med fellesstart og lagtempo, noko som var nytt for dei fleste norske løparane og til stor underhaldning for tilskodarane.

På desse to vekene i Calgary og Salt Lake har ein fått oppleva eit flott miljø både internt i den norske leiren og med utøvarar frå ei rekkje nasjonar. Alle ser fram til nye møte og utfordringar neste år.