Sommartida er slutt, og natt til søndag stiller me klokka ein time tilbake

Som dei fleste har merka, er sommaren over for lengst. Kveldane er kalde og mørke, og mørkare skal dei bli. Natt til 27. oktober skal klokka stillast ein time tilbake.

Dermed blir det litt lysare om morgonen, og så blir det mørkt ein time tidlegare om kvelden. Sommartid blei innført for første gong i Europa i 1916, for å utnytta dei lyse kveldane. På den måten kunne ein spara litt energi til oppvarming. Argumentet om energisparing er nok ikkje så viktig hos oss lenger, men i Noreg har me hatt sommartid kvart år sidan 1980.

Tidspunkta for skifte mellom normaltid og sommartid er felles for landa i EØS-området. Natt til siste søndagen i mars 2014 stiller me klokka fram igjen til sommartid.

Ved skifte til og frå sommartid skal me alltid stilla visarane mot sommaren. Altså framover mot sommaren om våren og bakover mot sommaren om hausten. Men no har vel dei fleste av oss smarttelefonar og annan elektronikk som er smart nok til å hugsa dette sjølv, og viser korrekt tid når me vaknar i morgon tidleg.