Solid spel i innleiinga og siger over blant andre «Leif Erik Starteam», med RBK-spisssen Alexander Søderlund og Christian Brink, vart ikkje nok for åtte spreke Fitjar-gutar som deltok i Stord Fotball Romjulscup 2. juledag.

Jan Åge Tislevoll i Fitjar-laget FIL fortel at dei hadde god kontroll i kampen mot dei meir kjende stjernene i «Leif Erik Starteam», og vann ein klar siger etter to scoringar ved Henrik Raunholm Kjelling. Også i dei andre kampane viste dei godt spel, og hadde von om å gjenta suksessen frå november. Då gjekk dei heilt til topps i ein liknande innandørscup på Vikahaugane.

Men slik skulle det ikkje gå denne gongen. I kvartfinalen mot «Team Rocket» såg dei lenge ut til å ha bra kontroll. Men det var før dei lettbeinte ungdommane frå Stord og Bømlo sette inn den mest lettbeinte av alle spelarane sine. Christian André Larsen brukte ikkje mange sekund på koma seg laus frå oppassaren sin og scora eit litt heldig mål. Eit minutt seinare gjekk Team Rocket opp til 2-0 etter kjapt angrepsspel; ved det høvet gjekk det rett og slett for fort for Fitjar-gutane. Henrik Raunholm Kjelling reduserte til 1-2 på slutten av kampen, men Team Rocket kunne hala i land ein fortent 2-1-siger.

Dei unge motstandarane i «Team Rocket» hadde nok vore litt meir varsame med ribbefeittet, og vann på stort tempo. Dermed måtte Fitjar-gutane pakka sakene og dra heim til meir julemat. Keeper Jan Åge Tislevoll var ikkje direkte misnøgd med innsatsen, sjølv om han meinte han kunne ha redda begge måla.

Eit par nye, feite fotballskalpar i beltet er vel ikkje å forakta, skulle me tru.

På FIL-laget denne gongen spelte Jan Åge Tislevoll, Helge Træet, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fykse Lie, Henrik Raunholm Kjelling, Kjell André Thorland, Badi Hurasi og  Mats Brakedal.

I dameklassen såg me dei gamle kjenningane Kari Fykse Lie, Randi Thorland og Lena Stokken vinna kvartfinalen med solid spel mot ein svak motstandar. Men i semifinalen blei det bråstogg for laget «Da er me som er kvarg», og rugbystjerna Kari Fykse Lie.

Ingressbilete: Mats Brakedal klarer ikkje å overlista Team Rocket-keeperen i kvartfinalen. Foto: Kjetil Rydland.