A-laget til Fitjar fekk ein god start på sesongen då dei vann ein velfortent siger 3-1 mot Solid i treningskampen laurdag ettermiddag.

Litt ekstra tenning var det nok då A-laget møtte Solid til treningskamp i dag, etter som fjorårets midtbaneanker på Fitjar, Roger Almås, i år er trenar for Solid. Det viste seg snart at Fitjar var eit strå kvassare i alle fasar av spelet. Heimelaget hadde dei fleste og største målsjansane heilt frå starten av kampen. Og med tre fine scoringar ved Leif André Tangen, Thomas Vestbøstad Waage og Øystein Fitjar Waage i første omgang var kampen meir eller mindre avgjort.

Utover i kampen blei det etter kvart mange byte, slik at til saman 20 Fitjar-spelarar fekk prøva seg. Av desse var fire debutantar på A-laget, Bernt Ove Maraas, Lars Waage Fitjar, Rune Levåg og Halvor Larsen. Likevel klarte Fitjar å halda på eit lite overtak, sjølv om Solid kom til fleire målsjansar. Reduseringa til 1-3 kom på eit unødvendig, men korrekt idømt straffespark midt i 2. omgang.

Trenar Stein Gunnar Halleråker seier i ein kommentar at han synest det var ei god gjennomkjøring. Han var spesielt godt fornøgd med ein veldig bra 1. omgang. Då greidde laget hans å pressa Solid høgt oppe på banen og laga tre flotte mål på kort tid.

Altså ein lovande kamp frå Fitjar si side. Eit relativt talrikt publikum fekk sjå mykje bra fotball i det litt råkalde spelevêret. Det dei fekk sjå skræmer dei nok ikkje frå å koma tilbake ved neste korsveg.

Fitjar sitt lag:
Idar Volden Mjønes, Bent Ove Maraas, Nils Ingard Tislevoll, Ronald Skår, Kjell Ove Korsvik, Henrik Raunholm Kjelling, Kjell André Thorland, Mats Brakedal, Laif André Tangen, Øystein Fitjar Waage, Thomas Vestbøstad Waage.

Innbytarar:
Andreas Torland, Vidar Vestbøstad, Jan Åge Tislevoll, Martin Vestbøstad, Mads D. Helland, Brynjar T. Engelsen, Lars Fitjar Waage, Rune Levåg, Halvor Larsen.