Fredag kveld møttest erkerivalane Solid og Fitjar til dyst i Hustrudalen, og Fitjar reiste heim med ein fortent 2-1-siger.

Fotballgutane til Fitjar vann gårsdagens semifinale i vinterserien i Sunnhordland. Etter 2-1-sigeren på kunstgraset i Hustrudalen kan mannskapet til Kjell Træet sjå fram til finale mot Trott. Den går av stabelen i Prestagardsskogen, truleg om rundt ei veke.

Fitjar hadde dei fleste og dei beste sjansane i første omgang, men det var Solid som scora først, etter rundt ein halvtimes spel. Men Øyvind Fykse Lie utlikna for Fitjar fem minutt før pause.

I andre omgang heldt Fitjar fram med å dominera, og etter fem minutt gjekk dei opp til 2-1 ved Thomas V. Waage. Utover i omgangen tok Solid litt meir over, og kom til fleire store sjansar. Men Fitjar reid stormen av, og kunne innkassere ein høgst velkomen siger over erkerivalen.

Fitjar stilte med dette laget (4-2-3-1):
Oddgeir Træet, André Helland, Sander Tverborgvik, Emil Fitjar, Leif André Tangen (Espen 68.), Helge Træet, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Badi Hurasi (Torbjørn Korsvik 80.), Jan Åge Tislevoll (Frode Malkenes 89.) Thomas V. Waage (Sebastian T. Thomasssen (62.).

 
Spanande sluttminutt for Åge Tislevoll og dei andre fitjarsupporterane som hadde teke turen over Morkjo. Foto: Kjetil Rydland.