Mariann Vestbøstad har igjen sett verdsrekord i symjing. Denne gongen i 100 m medley.

Det var under Lamberseter Open sist helg at ho senka sin eigen rekord på 100 m medley frå 1.28.36 til 1.28.09.

Og meir heider kan vera i vente. I helga er nemleg Mariann på Island der  Nordisk Meisterskap startar i kveld. Og ikkje blir me overraska om ho kan tala om medaljar og rekordar etter denne meisterskapen òg.