Fitjar slo serieleiar Trio på heimebane onsdag kveld.

Fitjar var klart best i første omgang og burde nok gått til pause med leiing.  Eit svært tamt Triolag vart til tider ståande og sjå på Fitjar som trilla ball.

I andre omgang var Trio meir på hugget, og ein god Torstein Myhre i Fitjarmålet held Fitjar inne i kampen.  I tillegg spela forsvaret ein god kamp med Helge Træet og Tor Jørgen Larsen i spissen.

Det var nok årsbeste for Fitjar som til tider spela god og underhaldande fotball med godt pasningspel.  Etter kvart som kampen gjekk vart Trio meir frustrert og fekk mindre til, og Fitjar tok over styringa.  Det gav endeleg utteljing i form av scoring på straffe etter at Kjell Magne Halleråker vart felt av keeper i straffefeltet.

God innsats og godt samspel gav ein fortent seier, og gutane fekk fortent applaus når dei gjekk av banen.

Neste kamp er borte mot Norheimsund alt førstkomande søndag.  Dette er ein viktig kamp mot eit anna lag som ligg på dei nedste plassane på tabellen.  Der er òg siste kamp før ferien.  Dersom nokon vil vera med på bortekampen, så kan dei ta kontakt med Agnar Aarskog på telefon  48 048 738. Me reiser med buss frå Halhjem.