Under skeiseløpa i Salt Lake City onsdag nådde Onar Westerheim eit av dei store måla for sesongen då han gjekk under den legendariske verdsrekorden til Hjallis på 10 000 meter. Å gå ein 10 000 meter er hardt arbeid i 25 rundar på isen. I den tørre, tynne lufta som er her i Salt Lake, vart det ei tøff utfordring. Etter 12 rundar meinte mange at dei hadde teke seg “vatn over hovudet”, men alle som starta fullførte. Onar greidde målet om å gå under Hjallis sin legendariske verdsrekord på 16,32,6 med “god” margin. Etter eit jamt løp etter oppsett skjema gjekk han i mål på 16,29,64. Dette er sjølvsagt ny pers. Den gamle sette han i ”ungdommen” i 1987. Tida er og ny kretsrekord og var ein god halvtime norsk rekord for M60.

Harald gjennomførte òg eit solid løp på 17.30.21, så målet om å gå under 18 min greidde han med glans. Dette er òg ny kretsrekord i klasse M65. Jan Henriksen greidde målet om ny pers på 5000 m og kom i mål på 9.07.36. Verkeleg godt jobba av alle tre “gutane”. Arrangøren har sett opp pengepremiar på 40 dollar for kvar personlig rekord. Så me får vel seia at det var ein god dag på jobben for Onar og Jan.

Resultat frå løpa Masters International i Salt Lake City kan me lesa her: http://speedskatingresults.com