A-laget til Fitjar har vore på Halsnøy og slege eit ungt heimelag 2-1 i ein treningskamp i dag.

Kampen gjekk på grasbanen til Halsnøy IL på Myro, der Fitjar møtte eit redusert heimelag. Fitjar stilte og eit noko redusert lag, etter som blant andre Thomas V. Waage, Helge Træet og begge dei faste målvaktene, Oddgeir Træet og Vidar Vestbøstad, var opptekne på anna hald.

Men med trenar Kjell Træet i mål fekk Fitjar ei grei gjennomkjøring, og hadde ingen problem med å slå eit ungt Halsnøy-lag. Den første scoringa til Fitjar kom etter rundt 20 minutt, då Kjell André Thorland drog seg fint fri og banka ballen i mål frå 20 meter. Sigersmålet let venta på seg heilt til det 78. minuttet. Jan Åge Tislevoll fekk gleda av å avslutta eit fint angrep, då han sette eit innlegg frå høgresida i mål.

Det mangla ikkje på sjansar til å avgjera kampen lenge før den tid, fortel trenar Kjell Træet. Etter spel og sjansar burde sigeren vore minst 5 mål større, etter blant anna fire skot i stolpen. Trenaren er ikkje fornøgd med sjansesløseriet, men er elles relativt fornøgd med treningskampen. – Noko rusk i maskineriet var det, seier han, men det er viktig med ei gjennomføring før serien begynner igjen neste helg.

Kjell Træet vil framheva spesielt to mann i dagens treningskamp. – Midtbanespelarane Øyvind Fykse Lie og Kjell André Thorland drog lasset i dag, seier han. Fitjar-trenaren fortel elles at han ser lyst på haustsesongen. Treningsframmøtet i sommar har vore godt, ofte med 18-20 mann på plass. Dermed har kvaliteten på treningane vore bra, og minst ein av dei faste keeperane vil vera på plass til seriekampane.

Første kampen går av stabelen i Prestagardsskogen førstkomande fredag, 10. august, klokka 18.00. – Det er viktig å få ein god start på haustsesongen, seier Kjell. – Me vil helst vera med og kjempa i toppen, elles kan det bli ein kjedelig haustsesong, avsluttar ein spent, men optimistisk Fitjar-trenar.