Ellen Rydland, Britt Padøy, Ingrid Træet, Kjellfrid Bremskau, Lilli-Ann Drønen og Annlaug Rimmereid reklamerte for bygg på Verdas matvaredag i går. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Glade bygdekvinner på Fitjar nytta Verdas matvaredag til å reklamera for bygg, kornet som bygde Noreg.

Dei seks ivrige bygdekvinnene hadde installert seg i Kaffiståvo ved Galleri Flora. Her delte dei ut smaksprøvar med bygg, som var sponsa av Coop og Norges Bygdekvinnelag. Papirposane inneheldt Gullbygg med middagsbygg og gryn til byggraut.

Dei som stoppa og tok seg tid til å slå av ein prat, fekk servert nysteikte byggvaflar, og byggmjølskjeks som Ingrid Træet og Annlaug Rimmereid hadde med seg heimanfrå. Og me høyrde ikkje anna enn at det smakte godt.

Det var eit jamt tilsig med folk heile tida, dei tre-fire timane dei blide bygdekvinnene var på post. Ein grunn til det, var naturlegvis det fine vêret. Det var mykje folk ute og spaserte, og mange nytta høvet til ein hyggeleg prat med hyggelege damer.

Lilli-Ann Drønen i komiteen slår fast at Kaffiståvo var ein kjekk plass å vera. Dagen blei på alle måtar vellykka, og på toppen av alt fekk Fitjar Bygdekvinnelag to nye medlemmer!

Norges Bygdekvinnelag og Coop hadde gått saman for å oppmoda oss til å eta meir bygg.