A-laget til Fitjar slo nedrykkskandidaten Kjøkkelvik 3-1 i Bergen fredag kveld, og heng med i toppen av 5. divisjon.

Kampen mot ein langt svarkare motstandar på Bergens vestkant i går kveld blei akkurat så tøff som ein kunne frykta mot eit lag som er heilt avhengig av poeng i dei siste kampane for å overleva i divisjonen. I første omgang såg me ingen forskjell på topp og botn på tabellen, og det var slett ikkje utfortent at heimelaget kunne gå til pause med leiing 1-0.

Leiarmålet til Kjøkkelvik blei kreditert Fredric Taiana, men det fekk eit visst komikkens skjer over seg. Fitjar-keeperen, Vidar Vestbøstad, gjekk ut i feltet og slo ballen frå seg i staden for å ta den i fast grep. Dermed kom det ein høg ball innover mot mål etter ein duell i feltet. Den uheldige keeperen rakk akkurat tidsnok tilbake i mål frå bærturen sin, men i duell med ein medspelar slo han ballen i eige mål. Heldigvis for keeper kom han greitt frå resten av kampen.

Første omgang sett under eitt var heimelaget eit strå kvassara enn Fitjar-gutane, som sleit med å få tak på midtbanen. Kjøkkelvik-spelarane var ofte først på ballen, vann andreballar og gav ikkje midtbanen til Fitjar tid til å byggja opp noko spel. Og kjappe pasningar fram mot aggressive spissar blei ei stadig plage for hardt kjempande Fitjar-forsvararar. Såleis måtte Fitjar vera fornøgd med å kunna gå til pause berre eitt mål under.

I andre omgang skifta kampen etter kvart karakter, sjølv om det varte lenge før Fitjar fekk knekt dei hardt kjempande nedrykkskandidatane. Omgangen opna med store sjansar for Fitjar, og etter vel seks minutt kunne lagkaptein Øyvind Fykse Lie plassera ballen sikkert i mål, etter ein fint innlegg frå høgresida ved Jan Åge Tislevoll. Berre tre minutt seinare kunne Øyvind gitt Fitjar leiinga då han avanserte i stor fart og hadde nesten klar bane mot mål. Men i staden for å avslutta sjølv la han ballen fint over til Jan Åge Tislevoll i endå betre posisjon. Dessverre beina Jan Åge ballen på uforklarleg vis langt over mål og ut i det kalde haustmørkret.

Og Fitjar-spelarane heldt oss på pinebenken til kampen var nesten slutt. Me fekk sjå aggresssive Kjøkkelvik-spelarar på farlege visittar framfor Fitjar-målet, sjølv om Fitjar fekk meir rom etter kvart, og fekk vist kven som var det beste laget. Midt i omgangen stod Fitjar-spelarane formeleg i kø for å scora, men ein utrent Kjøkkelvik-keeper tok på uforklarleg vis hand om det meste. Vel 10 minutt før slutt kunne ein lukkeleg Martin Vestbøstad gi Fitjar leiinga, då han sette ein retur ut i feltet knallhardt i nettaket.

Dermed hadde Fitjar endeleg fått kontroll på kampen, noko dei ikkje gav frå seg. Og det var heilt fortent at dei kunne gå opp til 3-1 i sluttminuttet. Leif André Tangen la fint inn frå høgresida, og denne gongen bomma ikkje Jan Åge Tislevoll!. Ei flott avslutning på ein kamp, der Fitjar fekk meir problem enn dei likte. Til slutt kunne dei reisa heim med ein slitesiger i bagen. På eit godt kjempande Fitjar-lag var nok Mats Brakedal bestemann denne gongen, men også målscorar Martin Vestbøstad fortener ekstra honnør for hard kjemping i begge endar av banen.

Dei tre forfrosne heimesupporterane som var igjen på banen ved kampslutt, måtte tusla slukøyra heim, etter å ha sett laget sitt koma endå nærmare 6. divisjon. For Fitjar tyder sigeren at opprykksvona varer heilt fram til neste helg, når dei møter puljevinnar Bremnes på heimebane. Men Os 2 er nok klar favoritt etter som dei kan sikra andreplassen med å vinna dei siste kampane sine i 5. divisjon.