Kunstprosjekta frå «Five Thousand generation of birds» har òg fått litterære utslag. I Fitjarstølane barnehage har borna i alle fall dikta historier til to av dei. Historiene kan du lese nedanfor.

Den første historia er knytta til Tori Wrånes sitt stupebrett-prosjekt (sjå bildet ovanfor) og er laga av Leander, Linnea, Trym, Hildegunn, Mikal, Nina, Daniel, Maria og Nikolai. Historia har fått tittelen:

Dama på stupebrettet
Det var ein gong ei dama som sat på eit stupebrett og fiska. Stupebrettet hang fast i eit fjell. Dama hadde brukt eit tau rundt magen og hoppa ned til stupebrettet.

Då ho sat på brettet og fiska, så tenkte ho. Ho tenkte at ho kunne syngja ein song. Kanskje ho skulle syngja «Bær, bæ lille lam gjekk på fotballkamp?» Så begynte ho å synga.

Då ho song kom ein fisk og stakk hovudet sitt opp av sjøen. Han opna opp auga og såg på dama. Så begynte han å syngja med. Det var ein  glad laks. Så kom ein delfin og ville vera med å syngja. 

Plutseleg kom ein stor fisk og beit på kroken på fiskestanga. Når dama skulle ta den opp datt ho uti sjøen. Då kom ein stor kval og åt opp dama, laksen og delfinen.

Dei same forfattarane som er nemt ovanfor står òg bak den neste historia. Ho er inspirert av skulpturen til  Roman Signer og har fått tittelen:

Ein mann med uflaks
Det var ein gong ein mann som var på båttur. Han såg ein stige som stod oppi ei tønne på ein holme. Mannen køyrde bort til holmen, men han gløymde å stoppa motoren, så båten krasja og sat fast på hjolmen.

Mannen gjekk ut av båten og klatra opp stigen. Det blåste mykje, så stigen rista. Mannen datt ut i sjøen, men støvlane han stod fast i stigen.

Mannen svømte inn til land og klatra opp på eit fjell. Der lagde han eit bål som han tørka kleda sine på. Han hadde pølser med seg i lomma, så han grilla pølsene på bålet. Han var på fjellet i tre døgn. Så svømte han tilbake til holmen og ropte om hjelp.

Då kom det ein mann i ein annan båt. Han drog båten og mannen av holmen. Heldigvis var det ikkje hol i båten. Mannen kunne køyra heim igjen.

Snipp, snapp, snute,
så var historia ute.