Merete Drønen og Linn Therese Olaussen ved Fitjar helsestasjon demonstrer ein vaksinasjon. Foto: Ingrid Hovstad

– I år er det risikogruppene som er prioriterte i første omgang, då dei er ekstra sårbare grunna Covid-19 pandemien, fortel leiande helsesjukepleiar i Fitjar.

Linn Therese Olaussen fortel vidare kven dei prioriterte risikogruppene er:

  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • Personar over 65 år
  • Vaksne og born med
  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom, hjarte/kar sjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
  • Svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 (KMI = kg/m2)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

– Influensavaksine er i tillegg tilrådd til helsepersonell som har pasientkontakt, personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar, og svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar,

– Det er også tilrådd å tilby pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse) til personar i risikogrupper som ikkje har teke denne vaksina dei siste 10 åra.

Tid etter fødemånad

Fastlegane er oppmoda til å vaksinere risikopasientar ved ordinær konsultasjon. Elles vil det verta tilbod om vaksinasjon i Fitjar kommune på oppsette dagar. Grunna smittevern vil organiseringa av desse vaksinasjonsdagane verta litt annleis i år.

– I år vert Fitjar kultur- og idrettsbygg vaksinasjonslokale. Me ynskjer å unngå store folkemengder samla, og her er det jo litt betre plass enn på helsestasjonen. Vaksineringa vil i tillegg bli gjennomført i puljar etter kva månad du er fødd i. Det er viktig å sjekka denne timeplanen før du møter opp, fortel Olaussen.

Ho ber folk ta omsyn og halda god avstand til andre når ein kjem inn for vaksinasjon.

– Lokale vert delt inn i ventesonar, vaksinasjonssonar og observasjonssonar. Dei vaksinerte vil ha ein annan utgangsdør enn den dei kom inn i.

– Frammøtte vil bli screena i høve Covid-19. Dersom ein nyleg har vore på reis, eller har luftvegssymptom får ein ikkje kome inn. Alle som kjem inn i lokale vil bli registrerte i høve evt. smitteoppsporing seinare. Vidare vil dei frammøtte få utdelt munnbind etter handdesinfeksjon, til bruk under opphaldet.

Tidspunkt: Sjå tabell under for tidspunkt:

 Måndag 02.11Tysdag 03.11Onsdag 04.11Torsdag 05.11
Kl. 08.30Januar – febrNov – desJan – febrNov – des
Kl. 09.30Mars – aprilSep – oktMars – aprilSept – okt
Kl. 10.30Mai – juniJuli – augJuni – juliJuli – aug
PAUSE 12.00-12.30
Kl. 12.30Juli – augMai – juniJuli – augMai – juni
Kl. 13.30Sept – oktMars – aprilSept – oktMars – april
Kl. 14.15Nov – desJan – FebrNov – desJan – feb

Pris ved vaksinasjonsdagane:

– Influensavaksine kr. 150,-

– Pneumokokkvaksine kr. 500,-

– I år er influensavaksinen gratis til personar som tilhøyrer risikogruppene, men ved vaksinasjonsdagane tek ein betalt for konsultasjon.

Det vil berre vera mogleg å nytta betalingskort eller VIPPS.

For meir informasjon kring vaksinasjonsdagane, ta kontakt med Fitjar Helsestasjon

Tlf: 48 04 87 30 eller helsestasjon@fitjar.kommune.no Elles sjå informasjon til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no