Sigurd Andre Maraas leiar ann mc-toget i fjor. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Satsar på alternativ og digital 17.mai feiring på Fitjar i år.

– Fitjar ungdomsråd tek oss digitalt med gjennom dagen og presenterer dei ulike tilskipingane som står på programmet. Det vert ikkje høve for publikum til å møte fysisk opp, fortel Bente Bjelland, kultursjef i Fitjar.

Program for 17. mai:

Kl.07.00: Salutt

Kl. 08.00 Flaggheising ved rådhuset, skulekorpset spelar

Kl. 10.00 MC/veteranbilkortesje (sjå hending på Facebook for meir info)

Kl. 10.20 Skulekorpset spelar ved Havnahuset og FBB.

Kl. 11.00 Gudsteneste frå Fitjar kyrkje

Kl. 11.30.

Utanfor kyrkja:

– Skulekorpset spelar

– Kransepålegging for dei falne frå 2.verdskrig v/ordførar Harald Rydland.

– Tale for dagen ved Agnar Aarskog.

Kl.12.00 Heile landet syng nasjonalsongen

– Appell ved elevar frå Sælevik skule

– Utdeling av kulturprisen 2020 til Bjørg og Karvel Strømme.

– Osternes mannskor syng,

Kl. 12.30 Båtkortesje frå Larsenkaien til Kråko

Kl. 13.00 Sending frå Tindaslottet (med atterhald om værforhold)

Kl 14.00 Veteranbilkortesje rundt Stordøya.

I pausane mellom dei ulike punkta på programmet vert det vist gamle og nye bilete frå Fitjar.

Du finn lenkje til direktesending på www.fitjar.kyrkje.no og www.fitjar.kommune.no