Fitjar Mekaniske Verkstad. Foto: FMV

Fitjarposten har gått gjennom rekneskapstala for dei fleste av dei større bedriftane på Fitjar. Det er for det meste svært positiv lesnad.

Ein av dei verkeleg store aktørane i næringslivet i Fitjar, Fitjar Mekaniske Verkstad, fekk eit greit resultat i fjoråret. Selskapet omsette for 473 millionar kroner i 2017. Det er ein nedgang på nær 100 millionar frå året før, men likevel enda bedrifta opp med eit solid overskot på 29,8 millionar før skatt.

Engevik & Tislevoll hadde 162,3 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Det om lag sju millionar kroner meir enn i 2016, men ikkje så mykje som åra før. Bedrifta enda opp med eit solid overskot. Resultatet før skatt var i fjor på 5,2 millionar kroner.

Engesund Fiskeoppdrett kan sjå tilbake på eit 2017 med ei sterk auke i inntektene. Selskapet hadde i fjor ei omsetnad på 119 millionar kroner, noko som er ei auke på meir enn 20 millionar i høve til 2016. Dei gode tala ga oppdrettsselskapet eit resultat før skatt på heile 19,5 millionar kroner.

Vindusfabrikken Harmonie, som i år fekk nye eigarar, gjekk svært godt i fjor. Fabrikken hadde ei omsetnad på 256,3 millionar kroner, ei auke på 45 millionar frå året før. Fabrikken har faktisk klart å doble omsetnaden sidan 2014. Det sterke resultatet gav bedrifta eit resultat før skatt på 4,8 millionar kroner før skatt.

Fitjar Kraftlag hadde i fjor ei omsetnad på 57,4 millionar kroner, ei lita auke frå året før. Dei sat dermed igjen med eit resultat før skatt på 5,7 millionar kroner.

Dåfjorden Slipp AS hadde også eit greit 2017. Omsetnaden på 11,7 millionar kroner var ein liten nedgang i høve 2016, men betre enn åra før. Bedrifta gjekk dermed med eit lite overskot på 138.000 kroner før skatt.

Røyrleggjaren Hatlevik Rør AS hadde i fjor ei omsetnad på 8 millionar kroner, som er ei auke på ein million i høve 2016. Det ga dei eit plussresultat på 500.000 kroner før skatt.

For dei to daglegvarebutikkane i Fitjar gjekk det akkurat rundt. Spar i Larsen-bygget hadde ei omsetnad på 44,5 millionar kroner, noko som ga butikken eit ørlite plussresultat på 58.000 kroner før skatt.

Rekneskapstala for Rema 1000 i Fitjar viser at dei så vidt er den største av dei to butikkane. Men omsetnaden på 47,2 millionar var ikkje nok til å gå i pluss, og førte til eit underskot på 133.000 kroner.

Varehuset Rydland opplevde i fjor eit omsetnadsfall på om lag ti prosent, og omsette for rett i underkant av 9 millionar kroner. Det førte til at bedrifta gjekk akkurat i null.

Carfix Fitjar fekk ei rekordomsetnad på 6,8 millionar kroner i fjor, opp nær ein millionar frå året før. Omsetnaden gjorde at bedrifta gjekk godt i pluss, med eit resultat før skatt på 600.000 kroner.

Fitjar Fjordhotell hadde eit stabilt 2017-resultat om lag som året før, med ei omsetnad på 13,2 millionar kroner. Det gjer at selskapet gjekk akkurat i null.

Såpekokeriet Fitjar Islands på Kråko kan vere svært godt nøgd med fjoråret. Selskapet som eig merkevaren, Fitjar Soapbox, omsette for 2,5 millionar kroner. Det ga selskapet eit solid overskot på heile 910.000 kroner før skatt.