Fitjarposten tok turen til Sjøsio rundt kl 15.00 i dag. Då var det ikkje topp flo. Likevel slo bølgjene høgt over kaien. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Me fotograferte først i retning av Engevik & Tislevoll, og vendte oss så for å fotografere utover kaien. Akkurat då slo ei kjempebølgje til og koste seg med å omfamna oss med vatn frå livet og ned. Uventa og plutseleg. 

Denne gongen slapp me ifrå det med å skifte bukse, men opplevinga var våt og plutseleg nok til at me skjønar poenget med å ikkje å ikkje gå for nær dei frådande massane.

 

Foto: Håkon C. Hartvedt