Sigurd Andre Maraas leiar ann mc-toget i fjor. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Vil du henga deg på bil- eller MC-toget gjennom Fitjar? Her har du siste info.

Toget startar klokka. 10.00. Oppmøte litt før.

Motorsyklane køyrer som i fjor Sentrum via Aldersheimen – Havn – Rossneset – Fitjarstølane – Søre Stølen – Vestbøstad – Helland – Koløyholmen – Rydland – Vik – over Vikeleitet – Dalen – Reino – PS Bryggekafe.

– Me har og fått ledebil som køyrer med oss i toget. Bilkortesjen følgjer samme rute, men medan kortesjen er innom Fitjarstølane og køyrer snarvegen inn i Søre Stølen, fortel arrangør Sigurd André Maraas.

– Dei bilane som ikkje er veldig låge og breie kan hengja på MC-toget, men dei vert oppfordra til å sjekke ut snarvegen på førehand for å unngå stans. Så køyrer bilkortesjen bak følgebilen via Skrammavegen forbi bedehuset og står i Kyrkjebakken mot nyekrysset i sentrum å ventar på MC-kortesjen( 2-3 min). Så heng bilene seg på og køyrer resten av ruta saman. Vis hensyn å køyr fint, oppmodar han.