Under gårsdagens tur i skogen møtte me på heile seks slever, eller stålormar.

Turen gjekk forbi Svartasmoget, Skaravågen og Sælevik skule, og aldri har me sett så mange stålormar på ein gong.

Som kjent er ikkje stålorm noko sjeldant syn på våre kantar, men heile seks stykke i løpet av eit par timar må vera ein slags rekord.

Fleire av slevene rekte tunge til oss då me blei litt for nærgåande. Men dei er altså heilt ufarlege, og det er ingen grunn til å gå til angrep på dei.

Me minner om at stålormen – til liks med den litt farlegare hoggormen – er totalfreda.

 

 
I vegkanten i Svartasmoget låg slevene på rekkje og rad. Foto: Kjetil Rydland.