Etterkomarane etter Ole Olsen Husavik, f. 1827, hadde slektstemne på Tufteland i dag. Rundt 40 er med på biletet. 58 stilte til middag og mimring i Fitjar Bedehus, seinare på dagen.

Ole Olsen Husavik kom til Fitjar ifrå Husavik i Austevoll. Her fann han Gyri Jonsdotter som han vart kjær i. Ho budde på nabogarden til det bruket der "gamlahuset" står no. Men Ole fekk bygsla halve garden av verfar sin, og denne delen vart så  til det bruket der gamlahuset står.

Etter berre to år døydde Gyri, og tragedien vart ikkje mindre då den einaste sonen til  til Gyri og Ole omkom på Nordlandsfiske.

Men Ole gifta seg opp igjen.
Denne gongen fann han seg jente på Landa, ei jente som bar namnet Anna Taraldsdotter. Med ho fekk han borna Ole, Kristian,
Helene, Tarald, Andreas og Martin. Frå desse stammar så slekta som var samla på Tufteland i dag.

Ole, Tarald og Martin emigrerte og kom aldri tilbake til Fitjar. Men på slektstreffet i dag, var ein liten grein av slekta i Canada på plass: ei mor og to ungdomar, der mor er barnebarnet til Ole.

 

ciclo steroidi