56 personar i slekta etter Helman, Martines (Tines) og Mathias Skålevik deltok på slektstemne i Fitjar i helga.

Halvparten av dei som var til stades kom frå Stavangerområdet. Dei andre var frå Fitjar. Det felles leddet før karane som er nemnde ovanfor var Inga og Mathias (de) Skålevik.

Denne Mathias, Mathias Olson Vik, frå Vik i Fitjar, vart født 1. mars 1859 og døydde i april i 1937, 78 år gamal.

– Som ung reiste han over «dammen» til Amerika. Her fekk han seg arbeid og kom inn i smedlære. Etter sju strevsame år kom han tilbake, kjøpte seg gard, og fridde så til den jenta han heile tida hadde hatt i tankane: Inga Helene Monsdatter Tangen frå Rimbareid. Dei gifta seg rundt 1890, og busette seg på den nykjøpte garden Skålevik, også kalla «Skålavikjo», og tok namnet etter garden, slik skikken var, heiter det i eit notat som vart laga til slektsstemnet.

Her får me vidare vite at Inga Helene og Mathias fekk seks gutar og ei jente. Jenta døydde under fødselen, og to av gutane døydde før dei vart vaksne. 

Tre av dei fire som var igjen var Mons Martines, som vart kalla «Tinesen», som seinare overtok garden heime, Mathias jr, kalla «Mattisen» som bygde opp mekanisk verkstad på Hegraneset med bustad ovanpå – og Ingvald Helmann, «Helmaen». Han overtok småbruket i «Skaret» etter onkelen Ola.

Det var altså etterkomarane etter desse tre som vart samla på Fitjar sist helg.