Laurdag og søndag vart etterkomarane til Guro og Jens Aarbø samla til slektstreff i Kobberholo på Kråko. 70 personar i alt.

Laurdagen samlast folket til spekemat, kringler kaker og kaffi. Det vart òg arrangert aktivitetar på ved sjø og på land for dei som ville vere med. Ein artig Famile-quiz fann ein òg plass til.

 Dagen vart avslutta med grilling, godprat og forteljing om familien frå ein av dei eldre deltakarane.

Søndagen samlast dei på Aarbø. Her gav Kristen Aarbø informasjon om Aarbø og garden, og når han kom inn i slekta (ca. 330 år sidan).

Det var vidare fellestur til den gamle familiehytte i Sørlio der rundt 40 personar deltok. Her ble det òg servert kaffe og  kjeks. Det heile vart avslutta  på Aarbø med betasuppe før folk reiste heim utpå kvelden.

-Alle hadde det svært kjekt og syntest at det var svært fint at familien òg kunne møtest utanom gravferder.  Dette er det første slektstemnet som har vore arrangert av etterkommere etter Jens og Guro Aarbø, opplyser Heine Haktorson i familien, til slutt.